Om oss

Engelsen Bygg AS vart i si tid stifta av W. Engelsen Ettf. AS og har seinare også fusjonert inn selskapet Byggspesialisten AS. Selskapet er i dag eit frittståande moderne selskap med om lag 25 tilsette, eigd av Ad Notam AS, og høyrer også til under Engelsen- profilen.

 

Selskapet driv i heile tømrarsegmentet, med hovudvekt på innreiingsarbeid i bustadblokker, næringsbygg og offentlege bygg.  Hovud- og totalentreprisar.

 

Engelsen Bygg AS er tufta på solid handverk og fagkunnskap i tillegg til god prosjektstyringskompetanse tilpassa dei fleste typar tradisjonelt byggeri. Ein rekrutterer kontinuerleg nye medarbeidarar, mellom anna gjennom lærlingordninga.

 

Dagleg leiarar er Roald Urnes. Selskapet si leiing er lokalisert på hovudkontoret i Sveio. Øystein Onarheim er marknadsansvarleg for Stord-marknaden og er lokalisert i Hamnegata 86 på Stord.