HMS

Politikk for Kvalitet, Helse, Miljø og Sikkerhet.

Engelsen Bygg AS skal levera produkta sine i samsvar med ordren og frie for feil og manglar. Dette skal gjerast slik at kunden/tiltakshavar sine spesifiserte krav vert oppfylte, og slik at produkta vert levert innanfor til ei kvar tid gjeldande standardar, lovar og forskrifter.

 

Kvalitetssystemet skal bidra til god lønsemd og konkurranseevne, samstundes som det skal vera med å betra vår bedriftskultur og vårt arbeidsmiljø. Rett bruk av prosedyrar, instruksar og andre retningsliner skal sikra at arbeidsoppgåvene vert gjort rett fyrste gong. Jamleg revisjon av heile kvalitetssystemet skal sikra kontinuerleg vedlikehald og utvikling av systemet.

 

Engelsen Bygg AS ser menneska som den viktigaste ressursen i arbeidslivet, og ei god helse som det største aktivum menneska har. Gjennom det totale kvalitetssystemet vil bedrifta førebyggja ulykker og helseskadar og skapa trivnad på arbeidsplassen.God orden på HMS dokumentasjon i brakke.

 

Vårt mål er:

Det overordna målet er at Engelsen Bygg AS skal ha eit arbeidsmiljø som gir våre tilsette tryggleik mot psykiske og fysiske skadar. Tryggleik skal vera ein naturleg del av einkvar arbeidsoperasjon frå planleggingsstadiet til ferdig produkt. Tryggleiken i bedrifta skal ivaretakast gjennom målbart systematisk arbeid der det vert lagt vekt på følgjande:

 

-          Kartlegging av risikotilhøve.

-          Kunnskap og informasjon om tryggleiksfaktorar.

-          Bruk av rett utstyr på rett måte under trygge tilhøve.

-          Motivasjon, samarbeid og medverknad frå alle medarbeidarar.

-          Registrering, oppfølging og korrigering av tilhøve som verkar negativt inn.

 Bruk av verneutstyr er ein selvfølge i Engelsen Bygg as

Dersom det førebyggande tryggleiksarbeidet i ein situasjon likevel skulle svikta og ei ulykke skje, skal bedrifta ha eit forsvarleg opplegg som raskt og effektivt skal avgrensa eventuelle skadeverknadar på menneske, materiale og miljø.